Walaker Hotell
Rett ved fjorden i den idylliske bygda Solvorn i Luster kommune, finn me Walaker Hotell. Hotellet, som har gått i arv frå generasjon til generasjon, er eit sjarmerande familiehotell og ein attraksjon i seg sjølv, midt i verdas beste reisemål - i følgje verdskjende National Geographic. Hotellet har vore i familien Nitter Walaker sin eige sidan 1690, og det er det eldste familiedrivne hotellet i Noreg, med sine over 370 års historie.