Middag om kvelden
Me set pris på at gjestene har det godt, og at dei trivst i kvarandre sitt selskap. Ei god råme rundt dette er den framifrå 4-rettars fastsatte menyen som me serverar kl. 19.30 om kvelden. Her er standarden sett høgt både på mat og vin, så når kveld går over til natt, skal ingen trenga gå svoltne i seng.