top of page

Galleri Walaker 300
Galleri Walaker 300 er hotellets kunstgalleri, etablert i 1990 for å markere familien Nitter Walaker sitt 300-årsjubileum på Walaker Hotell. Galleriet held til i den gamle fjøsbygningen frå 1883, som vart bygd med materialar frå den gamle kyrkja i Solvorn frå 1600-talet. Ein kan framleis sjå spor etter kyrkjedekoren i galleriet.
Våre bygningar
Walaker Hotell består av fleire sjarmerande bygningar, kvar med si unike historie og atmosfære. Frå det ærverdige Hovudhuset, som har teke imot gjester sidan 1600-talet, til den idylliske Hagefløyen, som byr på romsleg komfort med utsikt mot fjorden. Uansett kva bygning du bur i, vil du oppleve ei harmonisk blanding av tradisjon, komfort og naturskjønne omgjevnader.
bottom of page