top of page

Urnes Stavkyrkje

I 1130-åra vart verdas eldste stavkyrkje bygd. Ho ligg majestetisk til på toppen av den vesle bygda Urnes, rett over fjorden for Solvorn. Urnes Stavkyrkje kom på UNESCO si verdsarvliste i 1979.  Dette er ein av dei største attraksjonane me har i området og vel verdt eit besøk.  For å koma deg til Urnes frå Solvorn, tek du den vesle bilferja som går frå kaien, rett nedanfor Walaker Hotell. Etter eit besøk i stavkyrkja kan ein sykla, eller køyra, innover langsmed fjorden. Dette er ein smal og flott veg, ei oppleving i seg sjølv. Etter nokre kilometer kan ein sjå spektakulære Feigumfossen, som har eit fritt fall på heile 218 meter.

Har du spørsmål eller spesielle ynskjer for ditt besøk?

Me vil sørge for at opphaldet ditt her hjå oss, vert så bra som mogleg! Me ser fram til å ynskje deg velkomen, til vakre Solvorn og Walaker Hotell.

bottom of page