top of page

Nasjonal turistveg - Sognefjellet

Ein køyretur over Sognefjellet byr på storslåtte naturopplevingar, med mektige fjell på alle kantar. Toppunktet på 1434 meter over havet, gjer vegen til Nord-Europas høgaste fjellovergang. Her oppe viser fjellheimen seg frå si villaste side, før den skrånar ned til den vakre Sognefjorden, der det klare vatnet endrar seg fra grønt til blått etter lys og vêr.  


Den nasjonale turistvegen over Sognefjellet går mellom Gaupne og Lom. På vegen er det vakre rasteplasar og utkikkspunkt, med stiar du kan fylgja vidare. På vegen ned mot Turtagrø passerar du Fannaråken og Helgedalsnosi. Her har du storslått utsikt til dei villaste fjella i Noreg med 23 toppar over 2000 moh.  


For meir informasjon, gå til Nasjonale Turistveger.


Foto: Simi Ružičková

Har du spørsmål eller spesielle ynskjer for ditt besøk?

Me vil sørge for at opphaldet ditt her hjå oss, vert så bra som mogleg! Me ser fram til å ynskje deg velkomen, til vakre Solvorn og Walaker Hotell.

bottom of page