top of page

Kunst og historie i skjønn forening

på Norges eldste hotell

0Q2A7518_edited.jpg

Kunst og historie i skjønn forening på Norges Eldste hotell

Pattern_2.png

Eit historisk hotell
i hjartet av Sognefjorden

Velkomen til Walaker Hotell, Noregs eldste familiedrevne hotell, med ei historie som strekkjer seg heilt attende til 1640. Idyllisk plassert i den sjarmerande bygda Solvorn, er Walaker meir enn berre eit hotell. Det er ei reise i tid, med historisk atmosfære, rekreasjon i naturen og personleg service i fokus.

Ei gastronomisk reise
– 4-retters middag på Walaker Hotell

Kvar dag serverar me vår framifrå 4-rettars middag med vinanbefalingar til. Middagen finn stad i restauranten i Hovedhuset kl. 19.30 og er ein viktig del av totalopplevinga her hjå oss. Menyen er fastsett, så me ber deg ta kontakt ved eventuelle allergiar eller matpreferansar.

Romantisk pakke

Overrask din kjære med ei “romantisk pakke”! Ei flaske Champagne og sjokoladedyppa jordbær ventar dykk på rommet ved ankomst. (Me ber om at ankomsttid vert informert om på førehand.)

Møter og Selskap

Walaker Hotell tilbyr sjarmerande og historiske omgjevnader for møter, konferansar og selskap. Me tek imot opptil 64 gjester til middag, ved større arrangement. Me tilbyr 3-, 4- eller 5-retters festmiddag, der 4-rettars ofte er det mest populære valet.

Eit utval opplevingar

Hagen

Som vår gjest er du velkomen til å nytta hagen vår. På våren kan du sjå naturen vakna til liv, med våre frodige syrinbusker og frukttrær i full blomst. Nyt lyden av sildrande hagedammar og humlesus, medan du spaserer gjennom rosehagen, eller finn roen på solsenga.

Historiske og nye bygg
med sjel og sjarm

Hovudhuset

Hovudhuset på Walaker Hotell har historie som strekkjer seg attende til 1630-talet. I dag husar Hovudhuset resepsjon, serveringslokale og overnattingsrom.

Tegning av Walaker Hotel sin hovedbygning
Tegning av Tingstova til Walaker Hotel

Tingstova

Tingstova er ein av dei eldste bygningane på Walaker Hotell, med røter attende til 1620-talet. Her kan me dekke til middag i eit sjarmerande festlokale og i overetasjen finn ein fire historiske overnattingsrom.

Villa Walaker

Villa Walaker, anno 2024, er den nyaste bygningen på Walaker Hotell. Dette moderne huset, med 100 meter gåavstand til Hovedhuset, byr på ein unik kombinasjon av moderne komfort og historisk sjarm. Dei fire romma i Villa Walaker har eigen sitteplass på utsida mot ein sildrande hagedam. Frå romma har du utsikt ned mot hotellområdet og fjordgløtt.

Tegning av Villa Walaker
Tegning av Hagefløyen til Walaker Hotel

Hagefløyen

Hagefløyen har 11 rom. Kvart rom har dobbeltseng som kan splittast til to enkeltsenger ved behov. Romma er romslege og har ei sitjegruppe både inne og ute. Romma peikar mot hagen og fjorden. Sofaen på romma kan slåast ut og gir sengeplass for éin person.

Galleri Walaker 300

Galleri Walaker 300 er hotellets kunstgalleri, etablert i 1990 for å markere familien Nitter Walaker sitt 300-årsjubileum på Walaker Hotell. Galleriet held til i den gamle fjøsbygningen frå 1883, som vart bygd med materialar frå den gamle kyrkja i Solvorn frå 1600-talet. Ein kan framleis sjå spor etter kyrkjedekoren i galleriet.

Tegning av Galleri Walaker 300

Har du spørsmål eller spesielle ynskjer for ditt besøk?

Me vil sørge for at opphaldet ditt her hjå oss, vert så bra som mogleg! Me ser fram til å ynskje deg velkomen, til vakre Solvorn og Walaker Hotell.

bottom of page